onsdag 20. november 2013

Slitasje i kropp og sjel

Eg har innsett at eg har levd eit liv der eg slett ikkje har vore snill mot meg sjølv. Overvekt, angst, depresjon og redselen for ikkje å strekke til har vore det dominerande i livet mitt. Og opp i alt dette har eg vore mor, kone, husmor og fulltidsarbeidande hjelpepleiar, eit yrke som ikkje er for pingler. Det er ikkje rart at eg kjenner meg sliten, liten og svak. Sjølv om det har skjedd mykje positivt dei siste fire åra er det tungt å innsjå at prisen eg no betaler er litt høg. Smertene jager rundt i kroppen og vil ikkje gje seg. Dette må eg nok leve med.
Svaret på MR-bileta er klart og seier at eg har slitaje i korsryggen som vidare fører til at nerverøtene til tider har liten plass og difor vert klemd og sender smertene nedover i foten og opp i ryggen. No må eg berre vise tolmod og gje meg tida til å bygge meg opp så eg kan fungere nokolunde normalt i kvardagen og kan hende eg kan finne meg ein jobb der eg kan fungere godt. Medan eg venter på time hos ortoped på sjukehuset held eg fram med psykomotorisk fysioterapi og behandling hos vanleg fysioterapeut. Kiropraktor meinte at det gjer den samme tena som det han kan tilby. Då vert det fysio sidan det er rimelegast. Fram til jul får eg det gratis og etterkvart får eg fort eigenandelsfritak neste år.
Eg er egentlig veldig glad for å vete kva det er som gjer til smertene og vonar at eg etterkvart kan få ei meir handfast hjelp i rettleiing og behandling. Det skal bli godt å komme i aktivitet igjen. Trass i at vi no er starta på den kalde årstida skal eg komme meg i gong. Godt at eg har treningsabonnement på treningsenteret og kan nytte meg av det fram til vi går mot lysare og varmare tider og det tørkar opp i fjella så ein kan nå nye toppar til sommaren. 
Ha ein fin dag alle i hop.


fredag 8. november 2013

Mørketida


Då er den her, den kalde, mørke tida. Kalenderen syner november og kjensla av å vere nedstemt tyngjer meir og meir. Slik er det kvart år på denne tida. Har mest lyst til å reive meg inn i tepper, gå i dvale og la denne tida gå umerkeleg forbi. Naturen kler seg i svart/kvitt og dei vakre haustfargane råtnar vekk og alt rundt ein syner eit forfall som ingen kan gjere noko med. Det er ikkje noko som seier at det skal komme betre dagar etter dette. Eg gjer nokre forsøk på å heve stemninga med å kveikje lys, drikke te, sjå på film og endåtil kle på meg å gå ein liten tur, men det hjelper så lite. Ein blir berre endå meir tyngd ned av alt det svarte og grå rundt ein. Teen vert kald og beisk og det syner seg at heltinna i filmen daudar for eiga hand og stearinen flyter utover den nye lauparen eg har lagt på. Men om eg tek ein tur tilbake i bileta som eg har teke i sommar så kan det vere eit håp om at dette vil snu....ein gong. 


(foto: Åse Iren)