lørdag 8. mars 2014

På leit etter den beste meg.

Etterkvart har ein nådd middagshøgda i livet og levd gjennom tida med småborn og køyret med å få kvardagen til å gå opp med turnus og skiftjobbing. Ikkje nok med det, men ein skulle også vere aktiv med verv både her og der og kjempe kampar for andre mennesker som tillitsvald og verneombod. Når eg tenker tilbake på denne tida veit eg i dag at eg nok hadde gjort nokre ting annleis. Sagt nei til dei verva som ga meg minst og konsentrert meg om jobb og fagforeiningsarbeidet. Det er det eg har vore flinkast til. Dei andre verva og frivillig arbeid var berre halvhjerta og førte difor berre til stress og irritasjon som øydela nattesvevn og helsa.
Kvifor sa eg ikkje nei når nokon spurde/ ba meg om å stille opp?
Eg har gjort meg mine tankar og det ligger vel i at eg har vore pliktoppfyllande, lojal og omgjengeleg- Samstundes var det viktig å vere grundig, nesten perfeksjonist sidan eg i botnen alltid har vore lite sjølvsikker og slete med dårleg sjølvbilete. Det var viktig for meg med bekreftelse, påskjøning og ros for måten eg løyste oppgåvene på som igjen førte til at eg var svært sårbar for stress og dette har enda med at eg vart utbrent og utsett for kroppslege plagar som no har sett seg skikkeleg i systemet.
Eg skal ikkje legge så mykje ut om helsa mi pr. i dag i dette innlegget, men heller skrive om kva tankar eg har om livet mitt og korleis eg vil leve det framover.
Først må eg lære meg at eg ikkje kan bruke meir energi enn det eg har og må bestemme meg for kva eg vil prioritere. No er det å styrke kroppen å finne gode måter på å lindre smertene i ryggen og resten av muskel og skjelettsystemet mitt. Dagane er fylde med å lære meg balanse mellom aktivitet og kvile. Skal heller ikkje bry meg om kva andre meiner og synst om kva val eg tek for å nå måla mine. Må også lære meg å godta at alt kan ikkje vere perfekt. Rett og slett drite i at eg ikkje får til alt like bra. Eg må finne ut kva som er dei gode egenskapane mine og slutte å sette spørsmålsteikn med dei når eg først har tenkt tanken om desse. 
Slik skal eg finne den beste meg og komme meg vidare mot den rette balansen i livet mitt.



søndag 2. mars 2014

God lesnad


Er nett ferdig å lese boka "Kronisk" av Anna Tostrup Worsley som har leddgikt og fekk knust ryggen sin som 21-åring. Fantastisk skreve og gjev innsikt i korleis det kan vere å leve med kroniske smerter. Eg skal ikkje skrive så mykje om henne for de kan sjølve gå til Heimesida "diagnostisert.no" og sjå dette intervjuet frå GMN, tv2:









Etter å lese denne boka veit eg at det er berre eg som kan gjere til at eg kan få ein betre kvardag med å bruke tida til å halde kroppen ved like og smertene lindra.
Som Anna sjølv seier det: 

"Ingen behandling skulle ville ha varig effekt hvis jeg fortsatte å leve på en måte som forverret smertene og utsatte meg for stress og sterke følelsemessige påvirkninger"